Arita og Gjermund Åkre driv Åkre gard med fruktdyrking i bratt terreng. Dei står bak prisvinnende sider og innovative fruktdestillat. Fleire av produkta får du servert i anerkjente Michelin-restauranter i Norge og utlandet.
Sider- og destillatsmakinga startar kl. 13.55 og 15.15 med oppmøte på garden. Dersom du kjem med båt til Nå, følg skiltinga opp til garden, ca 5 min vandring. Du får smaka 3 sidrar og 1 destillat. Vertskapet fortel historiar og deler sin kunnskap om frukt- og siderproduksjon.
Garden Åkre er lokalisert i bratt terreng på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune i Hardanger, optimalt plassert for å produsera dei beste epla for ein syrleg, frisk og balansert eplemost og sider. Arita og Gjermund Åkre driv garden.
Kvalitet, smaksoppleving, kortreist, økologisk, naturleg og elegant er nokre av nøkkelorda når produkta vert til, og me håpar og trur det kjennest att på smaken.