Ulvik frukt & cideri
Fra 525 NOK
Velkomen til smaksmangfald og mangesysleri hjå Ulvik frukt & cideri!
Me har 24 eplesortar som dannar grunnlag for 10 ulike sidrar og 12 ulike eplemostar. Me lagar og einaste ekte eplesidereddik frå Hardanger. Som ein av pionerane i Hardanger laga Asbjørn sin første kommersielle sider i 2009 og var på polet i 2010. Sideren er sjølvsagt spontangjæra slik den tradisjonelle sideren har vore laga i generasjonar i Hardanger.
Gardsomvising med sidersmaking hjå Ulvik frukt & cideri - kvar fredag kl 11:00
Du får sjå produksjonen og får historien om sider i Hardanger og utviklinga på garden. Undervegs får du smaka på 3 ulike eplemostar og 3 ulike sidrar. Og sjølsagt ein tur i gardsutsalet.
I perioden 13.juni – 15.august kan du tinga gardsomvising kvar fredag kl.11.00.
Eigne grupper kan og tinga omvising heile året min 10 pers.
Siderplanke hjå Ulvik frukt & cideri - kvar dag i opningstida
Gardsutsalet er ope heile året og du kan kjøpa siderplanke i opningstida. På siderplanken kan du og ha alkoholfrie alternativ (eplemost). Me har siderplankar med 3 el 4 ulike produkt som du kan velja frå utvalet vårt. Me har eige rom (om det er kaldt) eller du kan sitja under tak ute med utsikt over Ulvikafjorden med Onen, Midtfjell og Kvasshovden i bakgrunnen.
Frukt og siderruta i Ulvik er eit samarbeid mellom dei tre gardane Ulvik frukt &cideri , Syse gard og Lekve (Hardanger Saft og Siderfabrikk), der alt er innan gangavstand. Ein kan vandra gjennom frukthagar frå sentrum og fjorden, og opp til dei tre gardane. Alle har ope gardsutsal mandag- laurdag med sal av sider og servering av siderplanke.