Syse Gard
Fra 525 NOK
Velkomne til Syse Gard for ei rik mat- og sideroppleving. Inst i hardangerfjorden, i Ulvik, finn du oss midt i frukt- og siderruta. Her kan du gå frå sidergard til sidergard medan du ser utover perla i Hardanger.
Velkomne til Syse Gard for ei rik mat- og sideroppleving. Inst i hardangerfjorden, i Ulvik, finn du oss midt i frukt- og siderruta. Her kan du gå frå sidergard til sidergard medan du ser utover perla i Hardanger.
I vårt gardsutsal tilbyr me foredla frukt i mange fasongar, frå syltetøy til saft og sider. Du finn og tradisjonelt foredla lammekjøt som fenalår og spekjepølse
Me har open sommarkafe frå 12 Juni - 12 August, så ta gjerne turen innom for spekefjøl eller siderfjøl. Gå til www.sysegard.no for utfyllande informasjon, og det er berre å ta kontakt.
Gardsomvising med sidersmaking - Fredag og lørdag kl 15:00
Det startar med ein runde i presseriet, og siderkjøl før me ser på frukthagen med epler og moreller. Vidare går turen til visningsrommet der ein får høyre og sjå historia, produksjonen og livet på garden gjennom året. Ikkje minst får de smake på nokre av produkta som er produserte på garden, som eplemost, 3 stk sider, fenalår og spekepølse. – Alkoholfritt alternativ til sider om ein ynskjer det.
Siderfjøl med 4 ulike typar lokal sider eller eplemost med presentasjon
Kan nytast ute på terrassen med utsikt over fjorden eller inne i serveringslokalet. Serveres mandag til lørdag.
Siderfjøl med 4 typar sider med presentasjon:
- "Aroma" - Balansert syre og en fersk sødmefull og delikat frukt. Søt, 8% ALK
- "Kjedlar" - Svakt bitter ettersmak med god lengde Medium tørr 8% ALK
- "Sumar" - Frisk syre og ein delikat fersk frukt med en balansert alkohol og fin lengde. Tørr 8% ALK
- "Mont" -Sider med tilsetning av Rabarbra og Bringebær. Spennade smaksbilde Søt 8% ALK
4 typar eplemost med presentasjon:
- "Aroma" - Middels fyldig og aromatisk. God balanse og syrleg ettersmak
- "Gravestein" - Fyldig, med god sødme. Svakt syrleg, svært karakteristisk aroma med lang ettersmak
- "Summered" - Syrleg, god og aromatisk med lang avslutning
- «Summered m/ Kirsebær» - Syrleg summered saft med tilsett Kirsebær for ei spennande smaksopplevering
Frukt og siderruta:
Alle dei tre gardane, Hardanger Saft og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri har ope gardsutsal 6 dagar i veka med salsløyve for sider og servering av siderfjøl i opningstidene.
Frukt og siderruta er eit samarbeid mellom dei tre gardane og der alt er innanfor gangavstand. Ein kan vandre gjennom frukthagar frå sentrum og fjorden i Ulvik, og opp til gardane.
I mai arrangerer dei Siderslepp, og Fruktslepp i oktober. For gruppebestilling, ta direkte kontakt med den aktuelle garden og sjekk gjerne www.siderruta.no