Hardanger Saft og Siderfabrikk
Fra 525 NOK
Velkomen til ein ekte pioner i vakre Ulvik! Omvisning, Sidersmaking og Siderplanke.
På Lekve Gard ligg Hardanger Saft og Siderfabrikk. Her har det gjennom generasjonar vore drive fruktdyrking, og som ein av pionerane i utviklinga av moderne norsk sider, satte Nils J. Lekve i 2004 sin første kommersielle sider. Sideren var naturlegvis spontangjæra, slik tradisjonen har vore gjennom hundrevis av år i Hardanger. I 2007 solte han si første flaske på Vinmonopolet, og det har ikkje stått på idéar og nyvinning. I dag finst meir enn 20 ulike spontangjæra sidrar i utvalet, og eige brenneri for eplebrennevin og akevitt.
Gardsomvisning og sidersmaking hjå Hardanger Saft og Siderfabrikk
Me fortel historia bak siderproduksjonen på Lekve som starta då Nils J Lekve satte sin fyrste kommersielle dunk sider i 2004, via utvikling av eit 20- tals ulike produkt som no kan kjøpas i gardsbutikken, dagligvare og Vinmonopolet. Me smakar oss gjennom eplemost, ulike sider og smakar frå brenneriet før vi tar vi turen inn til eplepressa, sidertankane, brenneriet og eiketønnene. Og avsluttar det heile i gardsbutikken.
Siderplanke hjå Hardanger Saft og Siderfabrikk
Me har Siderplanke med fem ulike sider de kan smake når som helst i opningstida. Me har eit rikt utval av sider, og naturlegvis alkoholfrie alternativ. Ynskjer du smakar frå brenneriet har me «Siderplanke sterk» med tre ulike produkt laga og lagra i brenneriet. Kan nytast ute på terrassen med utsikt over fjorden eller inne i serveringslokalet.
Gardsutsalet er ope heile året, og i gardsrestauranten kan du sikke innom for ein Siderplanke eller Siderplanke sterk, når det passar i opningstida (09- 17).
Servering av grupper på minimum 20 og inntil 80 personar etter førehandstinging.
Frukt og siderruta i Ulvik er eit samarbeid mellom dei tre gardane Lekve (Hardanger Saft og Siderfabrikk), Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri, der alt er innan gangavstand. Ein kan vandre gjennom frukthagar frå sentrum og fjorden, og opp til dei tre gardane. Alle har ope gardsutsal mandag- laurdag med sal av sider, og servering av Siderplanke.