Aga Tour - Smaken av tradisjon og kultur

Fra 1290 NOK

Bestill nå

La sansane dine utforske historia, kulturen og smaken av eineståande tradisjonar på Aga i Hardanger

I Hardanger, mellom høge fjell og glitrande fjordar, finn du eit kulturlandskap som sidan 1200-talet har vore forma av epledyrking og tradisjonar. Her kan du besøke Agatunet, Noregs best bevarte klyngetun, der historia lever i dei gamle bygningane og folket sine forteljingar. Eit høgdepunkt er Lagmannstova, landets eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220 – ei unik tidsreise til middelalderen.

 

På Aga Sideri, ein av Noregs mestseljande siderprodusentar, får du eit innblikk i Hardanger sin lange sidertradisjon, som no opplever eit nytt nivå av kvalitet og smak. Dei siste tiåra har den lokale siderkulturen blomstra, og her får du oppleve kvifor. Kombiner sidersmakinga med ein smakfull lunsjplanke, fylt med tradisjonsrik mat og førsteklasses råvarer frå Hardanger – servert i smakslokalet på garden.

 

Inkluderer:

  • Sidersmaking og omvising på sideri
  • Guiding på Agatunet
  • Lunsjplanke med lokale smakar

 

Aldersgrense: 18 år for smaking av alkohol.

Born er velkome, me tilbyr alkoholfrie alternativ. (Prisen er lik)

 

Allergi, intoleranse eller spesielle behov i matvegen (veganer etc)?

Legg inn kommentar i booking eller send oss ein epost på post@agasideri.no

 

Du må gjerne koma hit med privatbil. Du kan då parkere oppe med gamlevegen ved løa, eller borte på den store parkeringa til Agatunet ca 100 meter bortanfor.

 

Spørsmål?

Ta kontakt på post@agasideri.no eller sjekk ut agasideri.no 

 

Dersom det haster, kontakt oss på tlf 97 50 94 57 (Bente) eller 47 61 37 38 (Joar).

 

Håpar me sjåast på Aga Sideri.