Aga Sider og Ost - Smaken av tradisjon og kultur
La sansane dine utforske historia, kulturen og smaken av eineståande tradisjonar på Aga i Hardanger
Her, mellom fjord og fjell, finn du eit vakkert kulturlandskap der epledyrking har vore ein del av historia heilt sidan 1200-talet. Besøk Aga Sideri som på få år har blitt ein av Noregs største produsentar av sider både med og utan alkohol.
I Hardanger har ein laga eplesider i mange hundre år, og dei siste ti åra har kvalitet og smak utvikla seg til nye høgder. Delta på ei sidersmaking på Aga Sideri, lær om sidertradisjonen, og opplev den perfekte kombinasjonen av sider og ost.
Opplevinga startar med ei omvising på garden og i produksjonslokala våre der du får smake på to av våre sidrar. Deretter går turen vidare til smaksrommet, der du får sitje ned og nyte to nye sidrar - kvar av dei para med ein nøye utvald norsk ost.
Lær om frukt- og siderproduksjon og nyt dei storslåtte omgjevnadene på Aga - midt i hjartet av Hardanger!
- Oppmøte: Aga sideri, Aga 73, 5776 Nå.
- Tidspunkt: 12:00
- Varigheit: 2 timar
- Inkluderer: Smaking av 4 ulike typar sider, to av dei para med norsk ost
Praktisk informasjon
Delar av omvisinga foregår utandørs, og det kan vera kjølig i smakslokalet. Kle deg etter veret.
Adkomst og parkering
Begrensa parkering på staden.
Offentleg parkering 450 m unna ved Aganeset.
Adkomst med buss:
Det er mogleg å kome seg til oss med rutebuss både frå Odda og Utne. Bussen stoppar på Aga/Agatunnelen og du er framme på Aga Sideri før oppstart av smakinga. Sjå skyss.no for bussruter, bruk stoppet "Agatunet" for å få riktig stoppestad. Bilett må kjøpast på bussen eller i app.
Adkomst med båt:
Me har eigen kai og det er mogleg å legge til med båt.
Alternativ for å kome sjøvegen (til dømes frå Lofthus) er å booke privat fjordcruise via Hardanger Fjordcruise.
Aldersgrense: 18 år for smaking av alkohol.
Born er velkome, me tilbyr alkoholfrie alternativ. Prisen er lik.
Spørsmål?
Ta kontakt på post@agasideri.no eller sjekk ut agasideri.no
Håpar me sjåast på Aga Sideri!